Online booking »
Gamlastovo er bygd opp rundt eit gammalt tømra hus frå rundt 1870. Her budde ein familie. Mannen i huset var altmoglegmann i bygda, blant anna trekte han tenner. Røldal hadde nemleg verken tannlege eller lege før etter 1916.
I midtetasjen er Gamlastovo. Her er òg ein kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kjøkkenutstyr. På lemmen (loftet) er det to soverom med til saman to senger og tre madrassar.
I underetasjen, som er heilt åtskild frå resten, er det stove, dusj og toalett og kjøkken med oppvaskmaskin, komfyr, mikrobølgjeomn, kjøleskap og kjøkkenutstyr. Det er sofa og seng i stova og eit soverom med dobbelseng og overkøy.
Pris: kr 1500 per døgn (hytte nr. 11)
Utvask: kr 650
Utsjekking: innan kl. 12.00