Skitur til Sandflo, Hardangervidda

NorskEnglishDeutschDutchFrench

Skitur til Sandfloegga, Hardangerviddas høgaste punkt

Denne turen kan du starta frå Valldalen eller Haukelifjell.

Frå Valldalen kan du parkera i nærleiken av Bråstøl. Om du kjem med buss, går du av ved krysset til Valldalen/Bråstøl.

Frå Haukeli kan du parkera bilen ved Pepparsteinen. Avstiging frå bussen på same plass. Så står du på Haukeli og er klar for ein lang, flott tur. Nord og aust for deg reiser Store Nup og Verjesteinsnuten seg med si mektige framtoning, ofte nedisa og kvite. På Verjesteinsnuten er det ein gamal kommunikasjonsstasjon som Forsvaret dreiv i mange år. Her låg to mann frå Røldal heile vinteren, ofte 14 dagar i slengen før to nye kom opp. Dei gjekk på ski frå Røldal, så det var ein tung tur med voldsom stigning.

Du startar med å gå over isen på Ulevåvatnet og inn i Nupsdalen. Dette er ein fantastisk flott dal med høge fjell på begge sider. I dalbotnen er det fint å gå, men ver merksam på snøras frå fjellsidene. Hald midt etter dalen så er du trygg.

Når du kjem heilt inst i dalen, kjem du til Nupsreet. Her er det svært bratt, og ved hardt føre er dette eit vanskeleg parti. Men når du er komen opp her, har du framføre deg ein flott tur som går gjennom små dalar og kupert terreng, heile tida høgare og høgare mot toppen. Som du skjønar, er det mykje stigning opp til dette flotte og ville punktet på Hardangervidda.

Du kan òg gå mot Holmesjøen, og dreia mot vest når du er komen eit godt stykke inn. Du må sjølv finna ut kor du vil gå opp, for det varierer med snøforholda. Om du går her, er det lettare å starta frå Ulevå, litt lenger aust.

Når du er framme på toppen, kan du nyta eit utsyn du ikkje vil gløyma, vel og merka om vêret er klart. Du ser nesten over heile Hardangervidda,
med Hårteigen og Hardangerjøkulen i nord, og du ser konturane av Sørfjorden som skjer seg inn i fjellandskapet. Synet vil meisla seg inn i minnet ditt for alltid.

Attende er det lett om du går frå Valldalen eller Haukelifjell, slak
unnabakke nesten heile vegen, og i fint føre har du mange flotte løype framføre deg.

Toppen på Sandfloegga ligg på heile 1721 moh. Dette er ein del av fjellkjeda Langfjella, som strekkjer seg frå Sirdal i sør til Dovre i nord. Her er det mektig, vilt, vakkert og spennande. Ein tur for fjellvande. På toppen er det mura ein flott varde. Denne er frå byrjinga av 1900-talet.

Gode klede og god form trengst for denne turen. Hugs at turen går i eit av dei tøffaste og høgastliggjande fjellområda i Noreg.

Turen er lang og krev at du startar tidleg. Du må rekna med å bruka heile dagen, same kor du startar frå.

God tur!