Litt om Røldal

NorskEnglishDeutschDutchFrench

Røldal ligg 400 moh.  på vestsida av Haukelifjell, på grensa til Hardangervidda nasjonalpark.  Her har folk levd av fjellet i hundrevis av år, ja mange tusen år. Under Ullshedler  i Valldalen er det funne spor etter dei som var her for tre-fire tusen år sidan. Dei eldste i bygda har vore med på at bygda var heilt isolert om vinteren. Fjellbønder og jegerar var det som budde her. Me som lever her no, er stolte av å vera etterkommarar av dette fjellfolket som klarte å livberga seg her i dalen. På sett og vis er det fjellet som gjev oss leveveg no òg, i form av turisme, vasskraftproduksjon og heilårsveg mellom aust og vest.

Her ligg Røldal Skisenter, som er det mest snøsikre skisenteret i heile Noreg, ja kanskje i Europa. Det startar på ca. 800 moh. og går opp til 1300 moh. Her er ikkje eit einaste tre, for skisenteret ligg over tregrensa.

Røldal stavkykje frå 1200-talet er vidkjend, mellom anna på grunn av det velgjerande krusifikset.

E134 går gjennom bygda. Det er 140 km til Haugesund, 320 km til Oslo og 200 km til Bergen.

Røldalsmarknaden vert arrangert kvar juni rundt midtsommar..

Pilegrimsvandring i begynnelsen på juli kvar år.