Trolltunga

NorskEnglishDeutschDutchFrench

Denne fjellformasjonen er forma som ei stor tunge, Trolltunge, den stikk ut i lause lufta med eit fritt fall på 300 meter. Det er 700 meter ned til vannspeilet på Ringedalsvatnet.  

Sjølve Trolltunga ligg på 1190 moh, heilt oppunder Hardangervidda Nasjonalpark .

Turen tek ca 8 timar tur - retur og er svært bratt i byrjinga.  Dette ligg i Odda kommune. Du startar i Skjeggedal som ligg ca 10 km. frå Odda sentrum.

Normalt er dette ein flott tur i krevjande terreng, og når du er framme og stend utpå (om du tør) sjølvaste Trolltunga, kjenner du suget og trolldomen i denne ville, vakre, krevjande naturen. Du føler sjølve Trollet er her ein stad .

Men du må vera førebudd på vanskelige ver og føreforhold, til tider snø og sludd.  Du må ha gode og varme kler og sko. Regnkler er nødvendig å ha med. Huva og vottar  må og vera med.

Det er ikkje mobildekning under heile turen. Ta med rikeleg med mat. Drikke finn du i bekkane. 

Følg nøye merka sti. Er det skodd, tåke, var ekstra nøye med å fylgja stien.   Husk at du er i Norges villaste natur ! 

Korleis koma til startpunktet: 

Frå Røldal kjører du E134 mot Haugesund / Odda. Ved Kløvet tek du Rv 13 mot Odda 

Videre RV13 til Tyssedal, der tek du av mot Skjeggedal.

Buss:    Vi anbefaler å bruka buss. Sjekk busstidene i resepsjonen der du bur !

Om sommaren går det buss frå Røldal, Odda sentrum og Tyssedal. Det anbefalast å bruka bussen, då det er svært vanskeleg å parkere i Skjeggedal ( Startpunktet)  og vegen er smal, men vakker.

NB : Alt søppel og papir må du ta med attende til start.

God tur !!!! 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Foto: Øyvind Solheim