Fjellvandring

NorskEnglishDeutschDutchFrench

I Røldal og fjella rundt her har du nokre av dei beste turområda i landet. Her er Vestlandet på sitt beste. Her er innfallsporten til Hardangervidda nasjonalpark via anten Valldalen eller Haukelifjell. Rett aust for Røldal ligg Langfjella, som strekkjer seg frå Sirdalen i sør til Dovrefjell i nord. Dette er mektige fjellmassiv som gjev deg dei utfordringane som passar for deg. Her er snø, vatn og grøne bakkar om sommaren. Om vinteren er det normalt metervis med snø. Her kan du gå flotte og lange turar til toppane rundt oss.

På Skysstasjonen hjelper me til med informasjon og kart over området. Me har laga pakkar for deg som vil ha overnatting, tilrettelegging og guide. Skikort til bruk i skisenteret ordnar me òg med.

Sjå pakkane våre her.

Folgefonna ser du i synsranda når du kjører mot Odda. Fonna kan du besøkja via Buerdalen.

Pilgrimsvandring: I juli er det organiserte turar. Elles kan du gå desse rutene når du vil i sommarhalvåret.

Skitur til Sandfloegga, Hardangervidda

  

Les meir om skituren til Sandfloegga »

 

Fottur til Trolltunga.