Aktiviteter

NorskEnglishDeutschDutchFrench

 1. Grilling i grillhytta etter ynskje.

 2.

Biltur 1: 

Turen er rundt 70 km og går gjennom den vakre Brattlandsdalen via Nesflaten til Sand. Laksestudioet ved elva her er verdt eit besøk. Der kan du gå under elva og studera laks og sjøaure som prøver å forsera Sandsfossen. Så tek du ferja til Ropeid og kjører "dollarvegen" til Sauda. Namnet kjem frå at det var fabrikken i Sauda og dei amerikanske eigarane som finansierte vegen. Så går turen gjennom Eldjuvet og over Røldalsfjellet tilbake til Røldal. I Eldjuvet ser du restane etter zinkgruvene som var i drift der. Dei er det mogleg å besøkja. Ta kontakt med Turistkontoret i Sauda for info. Over Røldalsfjellet må du ta deg tid å sjå på dette ville vakre fjellet. Når du kjem fram i Ekkjeskard, får du eit av dei vakraste utsiktspunkta i Noreg. Mot aust ser du Langfjella, og du ser langt inn i Hardangervidda nasjonalpark. Rett under deg ligg Røldalsvatnet og Røldal. I sydaust ser du litt av Breifonn, den sørlegaste isbreen i Noreg. Turen passar som dagstur frå Røldal .

Kjørerute Google Maps »

 

Biltur 2:

Kjør til Odda og ta den nye tunnelen under Folgefonna. Kjør mot Rosendal der bør du besøkja Baroniet. Du bør gje deg god til på denne turen og nyta fjorden og fjella du ser i alle retningar. Har du fint vêr på denne turen, vil du aldri gløyma han. Så går turen til Utåker og ferja til Skånevik. Herifrå går turen mot  E134, som går gjennom Åkrafjorden der Langfoss kastar seg vilt utfor fjellsida. Her er det stopppunkt  og parkeringsplass. Etterpå er det berre å følgja E134 tilbake til Røldal.
Turen er om lag 200 km til saman.

Kjørerute Google Maps »