Kafeen og resepsjonen er open fredag og laurdag frå kl. 16.00 fram til 1 mai.
Ope på bestilling. Vi leverer snittar, bløtkaker og kvit dame.
Vår spesialitet:
Ring Oddbjørn 90993551 eller Berit 90809047. Resepsjonen +47 53647385
Skysstasjonen ligg midt i fjellbygda Røldal, 300 meter frå E134 på vegen mot stavkyrkja.
Avstandar:
Skysstasjonen har 11 velutstyrte hytter med totalt 60 senger. Du kan også bu i telt, campingvogn eller bubil. Me har alle fasilitetar på campingplassen.
I restauranten vår serverer me middag, brødmat, kaker, kaffi og is. Me har òg skjenkjeløyve for øl, vin og brennevin.
Du kan kople deg til trådlaust nettverk stort sett over heile campingplassen og frå dei fleste hyttene. Det er mogleg å leige eigen minibuss med 14 sete, med eller utan sjåfør.
Av andre aktivitetar kan me tilby bogeskyting, lassokasting, balansering, spiker i kubbe med kvar sitt slag, akekonkurranse, sauna, badestamp, internettkafé, lysløype, tennisbane og akebakke. I grillhytta vår er det plass til rundt 28 personar. For ungane har me trøbilar, gravemaskin og sandkasse. Og ein spennande skog.
Røldal ligg 400 moh. og grensar til Hardangervidda nasjonalpark. Det er turstigar for vakre fotturar på alle kantar av bygda.